Mangfald i språk og tekst

Mangfald i språk og tekst omhandlar leseopplæring i eit fleirspråkleg perspektiv. Gjennom heftet vil forfattarane setje søkelys på det lærarane skal vere særskilt merksame på i si leseinnlæring for to- eller fleirspråklege elevar. Heftet er ein del av veiledningsmateriellet "Lesing er…".

Leseopplæring i eit fleirspråkleg og fleirkulturelt klasserom krever ekstra kompetanse. Slike klasserom finnes i så godt som alle kommunar i Noreg. Elevane kjem frå meir enn 200 ulike land, og det er registrert meir enn 300 morsmål i tillegg til norsk i skolen. Fleire av desse elevane skårer lågare enn språklege majoritetselevar på prøvar som måler lesedugleik.

Det er to forhold som må vere grunnleggjande når ein skal gje tilpassa opplæring til elevar frå språklege minoritetar. Den eine er ei forståing av at det å kunne to eller fleire språk er ein ressurs som kan nyttast og ikkje eit problem.

Det andre gjeld vissheten om at elevane frå språklege minoritetar innbyrdes kan vere minst like forskjellige som majoritetselevane. Likevel er det spesielle trekk ved lesing og skriving når norsk ikkje er morsmålet som lerarane med fordel kan kjenne til.

Heftet henvender seg til lerarar på trinna frå fem til ti i grunnskolen. Forholdet mellom ordforråd og lesing, identitet og lesing og kultur og lesing er sentrale tema i heftet. Lesing er ein grunnleggjande dugleik i alle fag i Kunnskapsløftet. Derfor er det viktig at alle lærerar har kompetanse i forhold til leseinnlæring i ei fleirspråkleg og fleirkulturell utdanning.

Alle dei andre hefta i Lesing er...-kassetten gjeld sjølvsagt også for elevar frå språklege minoritetar.

Heftet er på 51 sider.

ISBN: 978-82-7649-064-0

Last ned:

– Mangfold i språk og tekst (PDF-format)

Eller bestill heftet i papirformat.


75,-

Levering

Vi sender innen en uke!

Frakt!

Gratis frakt!

Betaling

Vi kan dessverre ikke tilby EHF-faktura.