Fagbok i bruk i alle fag i videregående skole

Når ungdommar i vidaregåande skole les, er det nokre føresetnader som må vere oppfylt for at dei skal kunne lære av lesinga. I dette heftet finn du artiklar om kvifor og korleis alle lærarar skal arbeide med lesing i vidaregåande skole.

I samfunnet vårt blir det stilt store krav til lesekompetanse, både i privatlivet og i yrkeslivet. Det er ikkje lenger slik at det i nokre yrke vert stilt små krav til teoretisk kunnskap, og at ein kan anbefale praktiske yrkesutdanningar til elevar som slit med teoretisk lærestoff. Både i fellesfag og programfag er god lesekompetanse ein viktig føresetnad for læring, ikkje minst fordi ein i mange yrke er blitt meir og meir avhengig av datateknologi.

Viktige føresetnader

Når ungdommar i vidaregåande skole les, er det nokre føresetnader som må vere oppfylt for at dei skal kunne lære av lesinga: Dei må ønske å lære noko, dei må altså vere motiverte. Dei må også vite kva dei skal med lesinga og kunne regulere lesinga i forhold til det. Dei må altså beherske fleire strategiar. Vi veit også at dersom ein har god forkunnskap om eit emne og gjerne eit stort ordforråd, ligg mykje til rette for god forståing av teksten ein les. Når ein knyter ny kunnskap til tidlegare kunnskap, byggjer ein opp varig og djup kunnskap.

Når ein les, må ein avkode bokstavar og andre teikn, ein må konstruere meining. I vidaregåande skole tar ein det lett for gitt at alle elevar kan det, men vi veit at mange elevar strevar. Tekstane, lærebøkene og dei andre læringsressursane elevane møter kan vere vanskelege og lite tilpassa lesaren. Når læraren vel læringsressursar, er det viktig å vite kva krav ein skal stille til dei. Oftast må ein bruke det ein har, og prøve å løfte eleven opp til teksten. Skal ein gjere det, er det nyttig å vite kor elevane er i leseutviklinga si, tidleg i skoleåret. Derfor er det utvikla nasjonale kartleggingsprøvar i lesing for Vg1, slik at ein kan bli merksam på dei som strevar og setje inn tiltak.

Ein grunnleggjande ferdigheit

Ved innføringa av Kunnskapsløftet blei lesing løfta fram som ein av fem grunnleggjande ferdigheiter, og det inneber at alle lærarar er leselærarar og har eit ansvar for å hjelpe elevane å tilegne seg lærestoffet og velje hensiktsmessige lesemåtar i sitt fag. Men læraren må også hjelpe elevane til å bli sjølvstendige, sjølvregulerte lesarar.

Heftet er på 80 sider.

ISBN: 978-82-7649-068-8


75,-

Levering

Vi sender innen en uke!

Frakt!

Gratis frakt!

Betaling

Vi kan dessverre ikke tilby EHF-faktura.